SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

"Saknad heiter livet mitt"

Olav Nygard - diktaren frå Stølsheimen

av Jan H. Landro

Mitt rike er dei kyrre fjellske dalar;
der søv ein morgonskugge under fjell
som han var evig drott i sine salar;
fraa høgd og hamrar bekkjesusen fell
paa skumdriv-skavlar, el seg upp og hjalar,
men spaknar av, til linne vindar vell
or dalalunga, - braatt paa breide vengjer
han skivrar ned or sine kvilesengjer.

Slik skriv lyrikaren Olav Nygard (1884 - 1924) mot slutten av det stutte
livet sitt, då han dødsmerkt av sjukdom lever og diktar austpå, langt
borte frå fødestaden, den veglause fjellgarden Krossen øvst oppe i Modalen,
der tre fjellelvar møtast ved inngangen til Stølsheimen.
Om Nygard kan kallast diktaren frå Stølsheimen, er det ikkje like
godt grunnlag for å omtala han som Stølsheimens diktar. For han var ingen
heimstaddiktar og trong ikkje forankra det han skreiv i konkrete,
heimlege namn, bilete og miljø. Nemninga Stølsheimen vart heller ikkje nytta så
tidleg som i Nygards levetid, då heitte området Steinslandsheimen.
Likevel er det tydeleg at topografien han voks opp i, spelar med i mangt eit
dikt.
Ljoset, som er så viktig i denne diktinga, er nok likeins inspirert av
det han har kunna sjå frå høgdene ved Krossen.
Det skal finnast somme døme på lokale namn i det han skreiv, som
Saatehonn, Kamben og Saatestølen i diktet "Minnevigsle", men dei som vil
nytta denne litteraturen som rettesnor for vandringar i det vakre,
fjellrike stølsområdet med moltemyrane og dei endelause grasvollane mellom
Modalen,vossebygdene og Sogn, kjem fort på viddene. Som kompass for ei ferd
gjennom eit indre landskap, derimot, er dikta framleis godt tenlege.
Jamvel om mykje av diktinga hans vanskeleg let seg knyta til
direkte attkjennande miljø og natur, treng ein ikkje stor fantasi for å sjå føre
seg at det er utsyn og minne frå heimegarden som gjev tildriv til
opningslinene i "Mitt rike". Men langt meir enn å vera nok ei vestlandsk
naturskildring, er dei mange stiliserte fjellbileta i forfattarskapen metaforar for
sjelelege eigenskapar og tilstandar. For diktaren skodar ikkje berre
heimetter, men vel så mykje innetter.
I seinare strofer opnar diktet eit perspektiv ut mot ei vidare verd
og ein høgare himmel, mot "langsyns-blaanar" og "himmelklaaren". Her syner
Nygard ei av dei mange rørslene mellom ulike motsetnader som diktarverda
hans var fylt av. Dødslengt stod mot livslyst, mørker mot ljos, jordeliv
mot sfæresong, røynd mot draum. Med diktarens eigne ord: "himelen høge og
heilage blaa" kunne ofte stå mot "trongrømde tunet i dalskuggen graa".

Mellom dikta i den fyrste samlinga hans, "Flodmaal" (1913), finst
nokre liner der han uttrykkjer seg slik:

Ber meg inn i
soldraumsblaane
austan sol
og vestan maane,
lat meg draume-
vengjer laane
so eg vaknar
heil og varm.

For ein poet med sterke røter i den romantisk-idealistiske
tradisjonen, var kosmoskreftene ein del av røynda og draumen eit middel til å oppnå
kontakt med dei. Men draumen, slik vi møter han hjå denne forfattaren,
er noko meir enn rein flukt, han kan også tena som åndeleg kraftkjelde og
kveik i møte med kvardagen. Det trengtest, for jordelivet diktaren skildrar er
ofte ikkje stort meir enn eit farleg ritt mot grava, og vegen dit ein
kamp mot nådelause makter.

Fanst det då ikkje redningsvon?
Kanskje i kjærleiken. Men så kan han ikkje heilt tru på denne
utløysingskrafta, heller. I staden står kjærleiken som ei tragisk
oppleving, ein tidsavgrensa ekstase ramma inn av døden - og diktaren er " til
heilagt saarmod seld": "fyr di vaar elsk skal gaa til spille/ og vere dømd til
svevn og stille".
Likevel er kjærleiken ei kraft som bind han til jordelivet
og gjer han "tvifall elskhugsbraa". Her vel han altså å vera i livet trass
i medvitet om døden, kanskje av di kjærleiken lèt han ana den djupaste
meininga i tilværet. Slike spenningar er forfattarskapen rik på. Men lengten mot noko
endå større enn jordisk kjærleik, ei sameining med dei kosmiske kreftene, driv diktaren vidare.
Kanskje kunne han vera brubyggjar mellom det høge og det låge, det sfæriske og det jordiske!
Kanskje såg han seg som representant for ei høgre verd, slik romantikkens
diktarmyte insisterte på. Alt i den andre samlinga, "Runemaal" (1914), i
diktet "Eg vart vald til svarberg", skildrar eget seg som ein sjåar og
høyrar og han som skal målbera alt som kjem mennesket ved.
På mange vis stod Nygard alt på utsida av samfunnet. Som ein
utvald, i pakt med diktarmyten, kjende han seg utstøytt frå normalt liv mellom
menneska, "illsedd av heile [si] ætt". Når han i diktet "Wergeland"
skildrar diktaren som ein nedskoten gud som går til grunne i "giftrøyk og gov"
(damp), er det nærliggjande å tru at han også hadde seg sjølv i tankane.
Det er i manndomsdiktinga si, skriven i full visse om at døden stod
for døra og samla i "Ved vebande" (1923) og etterlatne dikt, at Olav Nygard
heilt ut opnar seg for dei mektige kosmiske fantasiane som huserte i han.
Dødsmedvitet må ha gjeve livet hans ein særleg energi, som den strenge
forma han hylla dikta sine inn i berre har gjort endå sterkare. Arbeidet med
den siste samlinga har truleg òg skapt ei kjensle i han av å vera nær
kosmoskreftene. Tittelen, "Ved vebande" - gjerdet rundt heilagdomen, tyder
på det.
Likevel er det feil å sjå dette som prov på at diktaren berre
ynskte å verta bortrykt frå den jordiske jammerdalen. Rett nok er "den graa
dalen" eit mykje nytta motiv i denne forfattarskapen, og då er det ikkje
Modalen han har i tankane. Likevel finst det rikeleg med kunstnarlege uttrykk
for glede over og nærskyldskap med naturen, og jordelivet står ikkje fram
som berre sut og liding. Nygard åtte ei særeiga naturkjensle; med vakne
sansar henta han inntrykk frå omgjevnadene og omforma dei i biletrik dikting.
Oppvaksen som han var på ein liten einbølt gard, visste Nygard sjølvsagt
inderleg vel kva for skaparkraft som ligg i jorda.
Fulltonande og direkte set han ord på dette i diktet "Mann", frå den siste samlinga.
Der heiter det at "Det er jorda som fløder med sevje og merg".

Og i det monumentale, erotisk farga "No reiser kvelden seg", frå
same samlinga, speler jord og himmel saman i harmoni. Poeten fyller kvelden
med liv, skildrar korleis han "trør paa lette føter gjennom tun" og hengjer
skuggeveven mellom fjella. Så stig den milde natta inn "med linne
andardrag" før jord og himmel i siste strofa finn saman og førebur ei ny
oppvakning:

Det gjeng ein sælebiv imillom fjell
so fræa emnar seg og hamsar fell
og undrings-øre augo upp seg vender:
Or djupe himlar slær ein baaregong
av evig skapings-gir og sfæresong
som helsar frendeblidt mot døkke strender.

Ligg det eit element av religiøs forsoning i forfattarskapen?
Religiøse bilete og førestellingar finst det fleire av, kristen
symbolikk likeins, men noka direkte lengt etter Gud, utfriinga og den
himmelske sæla i konvensjonell kristendom, trur eg det er vanskeleg å
peika på utan å redusera diktinga meir enn godt er. Viktigare for Nygard var
truleg vona om å kunna høyra til i ein heilskap, ein større samanheng
som framfor alt kunne gje meining til livet som skulle levast her.
Kanskje har denne einskapslengten røter i Nygards eiga
livsoppleving..
Sjølv meinte han at "lesaren burde kjenne livssoga aat forfattarane,
iser aat dei forfattarar som skriv ut av sitt eigi røynsleliv so mykje som
eg".
Noko enkelt liv hadde han så visst ikkje, og ein stad skriv han at
"saknad heiter livet mitt".
Olav Nygard kom til verda 10. juli 1884, som den nestyngste i ein
syskjenflokk på ti. På heimegarden, som låg om lag 300 meter over havet
i ein sidedal til sjølve Modalen, voks han opp. Diktinga hans kan gje
inntrykk av eit mørkt og grublande huglag, men etter det grannar fortel, var han
alt anna enn tunglyndt. Knut Liland, som var 17 år yngre enn den særmerkte
diktargivnaden, fortalde meg for mest tjue år sidan at "snikkaren frå
Modalen" var ein skøyar og skjemtegauk. "Når han arbeidde, tralla og lo
han, skjemta og rima." Di meir forundra vart sambygdingane då dei las kva han
hadde fått prenta. "Det var så tungt og trykkjande at han kunne hatt ei
falløks over hovudet," sa Liland. Han tykte det var "ein framand Olav
Nygard som skreiv bøkene".
Faren var dugande rimsmed, og mang ei onnestund kunne dei gjera
stuttare ved å kveda til kvarandre over bøen. Sonen tok tidleg til med å
skriva, og i medlemsbladet til Modalen Ungdomslag fekk han inn mange
gode skjemte- og friarviser. Somt kom òg på prent i "Norsk Barneblad" og
"Unglyden". Tidleg visste han at det var diktar han skulle bli.
10 år gamal miste han mor si, noko somme meiner kan ha gjeve han ei
tragisk livskjensle. Likeins er det kjent at han i oppvekståra, men òg
seinare, hadde fleire syner eller visjonar og ekstatiske opplevingar;
han såg liv der "aalmanna-auga finn stengje". Desse "flodkjenslene", då
synene fylte han som eit staup, kom til å prega mange av dikta han skreiv. I
eit av dei minnest han den våren då "fyrehenge rivna/ fyr mine røynslur, og eg
høyrde song/ so Saatehonne/ stod i smil og livna".
Etter folkeskulen måtte ungguten hjelpa til heime på garden. Han
hadde eit uvanleg godt lag med trearbeid, bygde si eiga fele og spelte stundom
til dans og gjekk ei tid i snikkarlære. Samstundes skreiv han ned soger som
faren fortalde og samla på lokale ord og vendingar. Desse gjekk sidan
inn i diktinga hans og er saman med dei språklege nyskapingane han sette så
høgt, viktigaste grunnen til at ein treng ordliste for heilt å skjøna somme av
dikta.
Han må ha fått ei kjensle av at språket ikkje var rikt nok, ikkje
stort nok, til å uttrykkja synene og tankane om det fullkomne. Difor laut han
utvida språket, skapa nye ord og hekta saman gamle ord til nye, meir
presise og uttrykkstunge meiningar. Dette vart det meir og meir av utetter, og i
dikta sine nyttar han fleire hundre samansetjingar som aldri før var
sett i norsk dikting, som kjensletungur, heimkomegaava, englehimmelsgleda,
sylvar-bleik og gullan-voven.
Olav ville gå skular, men det vart med eit halvt år på
Nordhordlands Amtsskule og to periodar ved Møre Folkehøgskule. Dei to vintrane i Ørsta
vart svært avgjerande for vegen vidare. Der hamna han i eit
litteraturkunnigt og -interessert miljø som gav han fagleg tilskunding
og kveik til eiga dikting. Der trefte han òg Petra Krøvel, som han trulova
seg med. Men ho døydde av tuberkulose stutt tid etter. "Sorgi over henne tek
meg so hardt at eg held sengi", skriv han i eit brev. No finst ho berre som
eit minne i eit og anna dikt, seinast og vakrast i "Med djupe tunge
floddrag
", skrive mest 15 år etter at ho gjekk ut av tida.
Hausten 1908 slo Nygard seg ned i Kristiania i von om å koma betre i
veg med diktinga. Han fekk kontakt med og god hjelp av Arne og Hulda
Garborg, vart òg med i "Det Norske Spellaget", som Hulda på den tida
organiserte. Han ville vinna praktisk teaterrøynsle, for hugen stod til
å skriva drama. Eit par spelstykke kom frå hans hand, men det vart aldri
til noko. Ein jonsokaftan, truleg i 1911, lèt den overlag sjølvkritiske
diktarspira ei rosemåla kiste fylt med manuskript gå på bålet. Den skal
ha innehalde alt han til då hadde skrive.


I Modalen gifta han seg nyårsaftan 1912 med budeia Rakel Tvedt, som
vart han til stor velsigning dei åra han hadde att. Til levemåten åtte
dei knapt; pengesuter, depresjon og sjukdom vart trugne følgjesveinar livet
ut og stendige hinder for skrivinga. Han ante kva som låg føre han og
skreiv i eit brev til Rakel om diktardraumane sine. "Skal eg gravleggje dei og
verte ulukkeleg, eller skal eg fylgje dei, og verte ulukkeleg ...?"
Men skriva skulle og ville han. Største otten hans var om han kunne
få det til, og om diktargåva verkeleg hadde kontakt med det evige, men
etter kvart òg om livstråden hans skulle rakna innan hans "einaste kvad" var
forløyst. "Det brenn i mitt blod/ og det tyngjer mi tunge,/ det styn i
mitt hjarte/ og skjelv i mi lunge", heiter det i den fyrste samlinga. I åra
1913 - 1915 gav Olav Nygard ut dei tre etter måten tynne diktsamlingane
"Flodmaal", "Runemaal" og "Kvæde". Den andre var i hovudsak "overskotsmateriale" som
forleggjaren hadde fjerna frå fyrste samlinga.
Åtte år seinare kom "Ved vebande", og så gjekk det elleve år innan hovudbolken av Nygards
etterlatne dikt vart samla. Debutboka hausta sterke lovord, ikkje minst frå
ekteparet Garborg, men nemnande sal fekk ho ikkje.
Livet var eit tilvære frå hand til munn, fylt av liding og sorg.
Stundom var han så nedfor at han ynskte seg ufødd. Rett nok kan han sjå
ei meining i lidinga og sorga som eit diktarprivilegium, der han i ei
verseline seier at "... eg uner (trivast) best/ paa heilag lidingsgrunn". Men den
delen av han som ikkje dikta, som tvert om skulle halda svolten frå
døra, kan ikkje ha funne stor trøyst i slike tankar.
I debutåret 1913 fekk han konstatert tuberkulose i venstre lunga,
men fem månader på Luster Sanatorium stogga tæringa. Familien, som i 1916
vart utvida med sonen Sigurd, var jamt på flyttefot, freista klara seg snart
her, snart der. Venen og kollegaen Knut Horvei gav dei eit stykke jord med
hustuft på garden sin, men under arbeidet forsleit Nygard seg, og
lungeblødinga byrja att. No fanst det ikkje lenger von om betring og
helse. Men sjukdomen gjorde det av med mothugen mot å dikta, som hadde pint han
nokre år og fått han til å undrast på om det framleis spann liv i
"gampen" hans, Pegasus. Og i perioden 1920 - 1922 vart samlinga "Ved vebande" til
og fleire dikt som aldri kom på prent medan opphavsmannen levde.
Ei ferd til Italias sol og varme skulle setja ut møtet med
Ljåmannen, som snart fekk sitt eige dikt, der han vert helsa som "ein kjenning
ifraa ungdoms tid". Men Nygard kom seg ikkje lenger enn til Austlandet. Der
fekk han hjelp til å kjøpa ein liten eigedom med ei sumarhytte, Granbakken,
på Opsal i det som i dag er Oslo. Her skreiv han dei siste dikta sine, m.a.
det vakre, storfelte "Til son min", som atter byggjer bru mellom jorda og
kosmos.
Julaftan 1923 kom brev frå Arne Garborg, som nett hadde lese "Ved
vebande
", og som ynskte å takka for "det finaste me hev av lyrikk på
norsk". Sju veker seinare, 11. februar 1924, fanst ikkje Olav Nygard meir. "Eg
ser ei sol", skal ha vore det siste han sa.

Olav Nygard hadde fleire strenger på lyra si enn ein ofte får
inntrykk av. Han kunne vera kvass og ironisk, stundom beint fram beisk, som i det
episke diktet "Paa helveg", der diktar-eget tingar med "hesthøvde
Eiriken", styggen sjølv, om sal av sjela si. Satiren og spotten kunne likeins
finna utlaup i diktinga hans. Mest kjend er vel den skamruna han rista over
bokhandlar og forleggjar Olaf Norli, som ikkje ville gje ut andre
diktsamlinga hans. I "Det var storbyrge gauven" (gauve = storkar) vert
Norli likna med ein hovding i dvergriket sitt. Sveinar som freistar bringa inn
nye tonar i dette samfunnet, lyt til sist dra sin veg.
Om diktet knapt kan seiast vera representativt for den vesle
lyriske produksjonen Olav Nygard lét etter seg, fortel det likevel noko om kva
han hadde å stri med og korleis han såg seg sjølv i den norske bokheimen.
Han var ein framand og utanforståande og laut tola at dei formsikre,
rytmefaste dikta hans vart lite påakta i samtida. 1920-åra høyrer til den rikaste
perioden i norsk lyrisk dikting, men Nygard hadde vondt for å vinna
fram. At mange dikt var prega av tungsinn og død, samstundes som ordtilfanget
verka framandt og biletbruken uvand, gjorde nok sitt. At diktaren meir heldt
seg i det kosmiske enn i det lokalt attkjennande, verka heller ikkje dragande
på eit meir realistisk innstilt publikum. Dessutan står han i ettertid
tydelegare fram som ein overgangsfigur mellom norsk seinromantikk og
tidleg modernisme, og dei som ikkje så lett lèt seg rubrisera lyt ofte venta på
forståing og aksept.
Lenge stod han difor i skuggen av lyrikarar som Olaf Bull, Olav
Aukrust, Arnulf Øverland og Herman Wildenvey. Seinare har han vorte
oppvurdert og fått ei heilt anna merksemd enn han møtte i si eiga
levetid.


Lengst har den kresne lyrikaren og skodespelaren Claes Gill gått. Han
uttala på radio, og tok seinare opp att i skrift, at dersom Olav Nygard hadde
"skrevet på et verdenssprog - ville [han] hatt rang som en av
verdenslitteraturens store lyrikere". Og han la til: "Det er ikke arten
av hans inngivelse som hever ham opp til de største blandt poeter, men hans
troskap mot den, og hans fullkomment poetiske uttrykk for den."